Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Turneringsreglar

Her finn du turneringsreglane som gjeld for Handballfestivalen. Dersom det er nokre av desse du lurar på - eller om du saknar noko - ta kontakt med oss! 

Årsklassar og speletid

Turneringa er for jenter og gutar frå 7 til 16 år. Klasseinndelinga følgjer nye årsklassar (den klassen dei spelar i  2017/18).

KLASSE   SPELARAR   SPELETID    BALL (J/G)
Mini (fødd 10/09):     3 + flyvande keeper      2 x 10 min      Str. 00 / Str. 00
Mini (fødd 2008)   3 + flyvande keeper   2 x 10 min   Str. 0 / Str. 0
J/G 10 (fødd 2007):   5 + fast keeper   2 x 10 min    Str. 0 / Str. 0
J/G 11 (fødd 2006):   5 + fast keeper   2 x 10 min    Str. 0 / Str. 0
J/G 12 (fødd 2005):   6 + fast keeper   2 x 10 min    Str. 0 / Str. 0
J/G 13 (fødd 2004):   6 + fast keeper   2 x 10 min    Str. 1 / Str. 1
J/G 14 (fødd 2003):   6 + fast keeper   2 x 10 min    Str. 1 / Str. 1
J/G 15 (fødd 2002):   6 + fast keeper   2 x 15 min    Str. 2 / Str. 2
J/G 16 (fødd 2001):   6 + fastkeeper   2 x 15 min    Str. 2 / Str. 2
             
            Kun klister i J/G 15/16
             

Ved stor påmelding vil me vurdera å begrensa antall lag i kvar klasse til 36. Her gjeld prinsippet "først til mølla" (det kan vera at lag som melder seg på innan fristen ikkje får bli med - dette vil de få svar tidleg på). Ved for få lag i ein klasse, kan den bli slått saman med ein annan klasse.

Puljer / spelesystem

Laga vert delt inn i puljer. I utgangspunktet vil det vera fem lag i kvar pulje. Dette gjev kvart lag minst fem kampar; fire innleiande kampar + minst ein sluttspelkamp. Alle laga går vidare til sluttspel. Dei beste i pulja går til A-sluttspill, resten går til B-sluttspill. I aktivitetsserien (til og med 11 år) spelar ein tre kampar laurdag og tre kampar søndag.

Me kan diverre ikkje ta omsyn til særlege ynskjer vedrørande kollisjonar av kampar i 7-11-årsklassane. Når det gjeld eldre klassar kan me heller ikkje lova noko på førehand vedrørande oppsettet - men me vil gjera vårt beste for at kampane ikkje kolliderer.

Ein spelar kan ikkje spele på to lag i same klasse. Brot på denne regelen vil medføre at det laget som lånar ein spelar tapar kampen.

Kamparena

Me spelar kampar i fire hallar og mange banar utendørs. Dei eldste klassane spelar inne. Alle A- og B-finalar vert avvikla inne. Ute spelar me på kunstgrasbanen og gras (hugs eigna sko, men IKKE fotballsko med knotter).

Det er i utgangspunktet IKKJE sekretariat på kampane. Dommarane har kontroll på tidtaking og målprotokoll. 

 

Dispensasjon for alder og kjønn

Me følgjer reglane som gjeld for Region Vest når det gjelder alder. 

Kjønn: I klassane G12-14 år kan ein ha 2 spelar på banen på kjønnsdispensasjon (Med fulle rettigheter i turneringa.) 

Dispensasjon på alder:  laget blir plassert sist i pulja etter innleiande runde, og spelar første sluttspillkamp, men tapar denne.

ALLE dispensasjonar skal vere godkjente på førehand av festivalen. Send søknad.

 

 

Jury

Det vert satt ned ein turneringsjury med arrangørens representant som leiar. I tillegg skal juryen bestå av ein nøytral leiar frå eit gjestande lag, samt ein representant fra dommarane. Eventuelle protestar må følgja NHF's protestreglement, og protesten må stadfestast skriftleg til juryen seinast 30 minutt etter kampslutt. Protestgebyret er på kr 750,- og må betalast saman med protesten. 

Spelarregistrering

Av sikkerhetsmessige og sportslege årsakar må alle levera inn lagslister. Spelarar kan registrerast ved påmeldingen. Her kan ein også endra på spelarar heilt fram til festivalstart. Spelarlisten kan også sendast til Stord Handball eller leverast når laget kjem. 

Tabell / poengberegning / sluttspill

2 poeng til vinner, 1 poeng ved uavgjort, 0 poeng ved tap. Ved likt antal poeng i puljespel vert rekkefølgja satt slik:

1) Innbyrdes kamp (om meir enn to lag har like mange poeng vert det ”ny” tabell for desse laga). 
2) Målskilnad innbyrdes kampar 
3) Flest scora mål i innbyrdes kampar
4) Målskilnad alle kampar i pulja 
5) Flest scora mål alle kampar i pulja 
6) Loddtrekning

Eit lag må spela alle innleiande kampar for å komma til A-sluttspelet. Lag som spelar med dispensasjon er merka ** i kampoppsettet, og endar sist i puljespelet. Dei får spela første kamp i B-sluttspelet, men vil uansett tapa denne kampen.

I sluttspelet vert ”første målet vinner” nytta ved uavgjort resultat etter ordinær tid. I sluttspelet kan ein nytta inntil fem minutter med speleforlenginga ved fortsatt uavgjort resultat. Dersom stillinga er uavgjort etter speleforlenging, vert kampen avgjort ved myntkast. Derom eit lag ikkje møtar til kamp, ventar dommaren maksimalt i fem minutt før frammøtte lag vert tildelt sigeren.

I finalane vert det spela ”første mål vinn” inntil kampen er avgjort. Ved uavgjort resultat etter ordinær tid i sluttspelet vert det nytta loddtrekning for å avgjera kva lag som skal starta med ballen når det skal spelast ”første målet vinner”. 

Første avkast

Laget som står først i kampoppsettet startar med ballen, og startar til venstre for sekretariatet. Det er også dette laget som har ansvar for  draktskifte dersom det er behov for dette. 

Premiering

  • Lagspremie (pokal) til finalelaga i A-sluttspel og pokal til vinnaren av B-sluttspel (J/G12-16)
  • Individuelle premiar til finalelaga i A-pulja (maksimalt 15 premiar pr lag)
  • Høytideleg premieutdeling i Nyehallen mandag formiddag for alle spelarane i J/G 7-12 år *. 
  • Kåring av Fair Play-klubb på finaledagen.
  • All Star-lag vert kåra i klassane J/G13 og J/G14.
  • Beste klubb vinn kr 10 000,- (Vert utbetalt på finaledagen)
  • Nest beste klubb vinn kr 5 000,- (Vert utbetalt på finaledagen)
  • Stord deltek ikkje i Beste Klubb-konkurransen.

* Mandag kl. 11.00 vert alle laga til og med J/G 12 samla utanfor Nyehallen (mot Ungdomsskulen). Det vert da innløping hand-i-hand for alle spelarar, trenarar og oppmenn. I hallen vert det da litt show kring denne medaljeutdelinga, og med stappfulle tribunar med foreldre kan dette virke noko kaotisk, men dette er ein fin tradisjon som alltid skapar god stemning.  

Kontakt oss
Kalender