By A Web Design

Handballfestivalen 2012 (25-28 mai)

Nå er vi snart klare for å starte påmeldingen til Handballfestivalen 2012. Mer informasjon vil komme i løpet av kort tid.

Trykk på denne lenken for å se på årets folder.

 

Handballfestivalen 2011

Kjære festivaldeltakarar!

På vegne av Stord IL handballgruppa og Handballfestivalen 2011 vil me takke dykk for at de var hjå oss i Pinsen 2011! Me vonar på at alle har hatt eit kjekt opphald hjå oss. Me tenker då på det sportslege og ikkje minst på det sosiale som me veit er viktig for mange.
 
Dagane etter at HF vart ferdig vart fyllte med det eg kallar 45 graders regn, dvs at regnet kom på skrå frå alle kantar. Me er utruleg glade for at også pinsen i år blei så fin som den vart. Det er jo mykje lettare for oss alle når sola skin og me må passe oss så me ikkje vert solbrent. Men slik skal det vera: Alltid sol på Stord i pinsen – og på Handballfestival!
 
Dersom de sakner noko, så berre send oss ein e-post så kan me sjekke om me har det liggjane, me har litt klede og andre ting som ligg enno. Bruk Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa så skal me svare så fort me har fått sjekka opp i det. Dersom de har andre tilbakemeldingar så kan de også nytta same adressa.
 
Til slutt vil me ynskja alle god sommar, og minne på om at neste års Handballfestival vert avvikla 25-28.5.2012.
 
Hjartleg helsing
Handballfestivalen 2011
 
Kjartan B. Grov
Festivalleiar

 

Handballfestivalen på Facebook


 
* * * 25 - 28 MAI 2012 * * *
HBF-2012
Tilbakemeldinger HF 2011
Hei igjen og takk for flotte dagar på stord.
Generalsponsorar
Kværner
SPV
SKL
Sunnhordland
Select
grasrotandelen
Ullmax