Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Våre haller

Her finn du våre hallar:

STORDHALLEN NYE      
  Nyehallen i Stord Idrettspark vart bygd i 1995, og er storstova til Stord Idrettslag. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Det er plass til 2.000 tilskodarar på tribunen, og det er her elitekampane til Stord Handball vert arrangert.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF
 
       
STORDHALLEN GAMLE      
 


Gamlehallen vart bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen i Stord Idrettspark. Det er ein fin handballbane med parkettgolv. Det er seks garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF

 
       
STORD RACKETHALL      
  Rackethallen har ein tennisbane, bordtennis- og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Rackethallen inneheld også tre volleyballbanar. Her er også eige garderobeanlegg.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF
 
       
PRESTEGARDSKOGEN IH      
  Nordbygdohallen - eller Prestegardsskogen Fleirbrukshall som den egentleg heiter - er Trott IL sin heimearena, men vert drifta av Stord Idrettspark. Hallen vert nytta til handballtrening- og kampar for Stord Handball. 

KART: https://goo.gl/maps/uK04e
 
Kontakt oss
Kalender