Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Stord - Bjørnar 27-26

05.02.2018

Damelaget vann ein svært viktig siger mot tabellnabo Bjørnar i søndagens heimekamp!

Stord starta kampen godt og spela seg til gode sjansar medan forsvars- og målvaktsspelet var stabilt. Utover i omgangen fekk Stord ei lita glipe og gjekk til pause med 15-10 leiing. Damene fortsatte i andre omgang med same resepten og leia ved fleire høve med heile sju mål.

Det siste kvarteret av kampen vart dessverre prega av skotbom, kontringar i mot, og ikkje like godt spel på egen banehalvdel frå Stord si side. Det resulterte i ein svært spanande avslutning på kampen som Storddamene heldigvis drog fortent i land. 

Dette var ein riktig flott lagsiger for damene der Helene Matre vart kampens mestscorande med 13 mål. 

Les kamprapporten her

P.S. Ekstra kjekt var det at også Stord 2 vann sin borte kamp mot Voss og henger med i kampen om opprykket til 4. divisjon! 

Kontakt oss
Kalender