Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Stord - Fyllingen 28-27

22.02.2018

Viktig heimesiger til damene!

Det vart ein svært nervepirrande kamp då Fyllingen kom på besøk til Vikahaugane onsdag kveld. Fyllingen kom best i gong i kampen og leia med heile fem mål midtvegs i fyrste omgang. Men etter ein fin avslutning på fyrste omgang stod det 15-15 til pause.

Laga veksla på å leie kampen i andre omgang og då det stod drøyt tre minutt igjen, leia Fyllingen med to mål. Stord viste derimot ein herleg innstilling, scora tre kjappe mål og vann kampen 28-27!

Dette var ein flott lagsiger av damene der alle elleve spelarane bidrog til to svært kjærkomne poeng. 

Ina Borlaug vart kåra til Stord sin beste spelar av den lokale juryen, medan Julianne Sellgren vart Stord sin mestscorande.

Sjå kamprapporten her https://www.handball.no/system/live-kamp/?matchId=6585671

Stord har no to bortekampar mot Sotra (4. mars) og Åsane (11. mars) før Os kjem på besøk i sesongens siste heimekamp onsdag 14. mars. Me håpar flest mogeleg kjem og støtter laget til nye poeng i den viktige kampen mot Os!

Kontakt oss
Kalender