Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

9- og 8-setarar

Klubben har kjøpt inn to nye elektriske bilar (ein kvit 9-setar og ein svart 8-setar). Bilane krev ikkje anna førarkort enn klasse B (vanleg personbil).

PRIS PR. DØGN (alle prisar inkl. mva)
Internleige (eigne lag): 800 kr
Andre idrettslag: 1.000 kr

Bompengar og ferjekostnader vert fakturert i tillegg for andre idrettslag.
Desse bilane vert ikkje leigd ut til andre leigetakarar.


LADING
Me har fått installert to ladarar på Vikahaugane. Etter endt leige må bilane settast på lading her, dette er kostnadsfri lading for leietakar av bilane. Om ein må lada i løpet av leigeperioden, så er dette noko som leietakaren sjølv må kosta.

For å starte lading må ein nytta ladebrikke som heng på nøklane til bilane. Bilane skal alltid vera rydda/reingjort og settast til lading ved tilbakelevering.


OPEL ZAFIRA-e (kvit)

  • Antall seter: 9
  • Reg. nr.: EJ 37087
  • Lengde: 5,33 m (5331 mm)
  • Bredde: 1,93 m (1924 mm)
  • Høyde: 1,87 m (1865 mm)

OPEL ZAFIRA-e (svart)

  • Antall seter: 8
  • Reg. nr.: EJ 83593
  • Lengde: 5,33 m (5331 mm)
  • Bredde: 1,93 m (1924 mm)
  • Høyde: 1,87 m (1865 mm)

Forespørsel om tilgjengelegheit rettast til minibuss@stordhandball.no kor ein oppgjev ønska leigeperiode, informasjon om leigetakar samt info om kvar bilen skal. Me svarar som oftast opp førespurnadar i løpet av ein virkedag.