Torsdag 26. mars hadde Stord Idrettslag sitt årsmøte, og tradisjonen tro vart det delt ut heidersmerke til personar som har utmerka seg med framifrå innsats over lang tid. Me gratulerar alle som fekk vel fortent heider og ære denne kvelden!
Me gratulerar særskilt Runar Øvrebø som nytt æresmedlem i Stord Idrettslag. Det er ei utruleg fortent utmerking, og me er glade for at me fekk anledninga til å vise kor mykje pris me set på vår trufaste speaker og handballven!
Me er og veldig stolte av våre tre mottakarar av heidersmerke; Brita Havnerås (sølvmerke), Kristine Mikkelson Sæther (bronsemerke) og Stein Aaserud (bronsemerke). Me set stor pris på alt dåke har gjort og framleis gjer for Stord Handball.

Her kan du lese grunngjevinga for tildelingane:
RUNAR ØVREBØ – ÆRESMEDLEM
Runar er ein person som heile idrettslaget trykker til sitt bryst og set utruleg stor pris på. Han har ei røyst og eit prate-apparat som ingen kan matcha, og (nesten) alle kjenner på ei god kjensle når me høyrer Runar si røyst runga over heile Vikjo. Han har leia friidrettsgruppa i ein mannsalder og han har for mange, både eigne og tilreisande, vore sjølve symbolet i Rema 1000 Handballfestivalen i alle år. Han seier aldri nei, og er framleis å høyra på alle våre seniorkampar som den engasjerte speakeren han er. Han fekk bronsemerket i 1998, sølvmerket i 2007 og gullmerket i 2012. Han er heilt unik, og me som samfunn kjem aldri til å finna nokon som kan måla seg med Runar. No meiner Stord Handball at tida er inne for at Runar Øvrebø kan tre inn i det aller mest celebre selskapet i Stord IL – og det er med utruleg stoltheit at handballgruppa nominerer Runar Øvrebø som æresmedlem i Stord Idrettslag!
BRITA HAVNERÅS – SØLV
Brita har vore ein sentral del av kiosk og kjøkken-gjengen i Rema 1000 Handballfestivalen i fleire år. Ho sit i arrangementskomiteen til festivalen, og har eit sterkt eigarskap til festivalen. Ho løyser oppgåvene med stor iver, kunnskap, erfaring og på ein måte som dei rundt ho styrker seg på. Brita er eit vandrande smil som alle rundt ho set stor pris på. I tillegg legg ho ned utruleg mange timar for Stord Fotball gjennom sesongen, der ho har full kontroll på deira arrangement. Me set stor pris på Brita, og er utruleg stolte av å ha ho med oss på laget.
KRISTINE MIKKELSON SÆTHER – BRONSE
Kristine har i mange år lagt ned enormt med timar for at barn, unge og vaksne har det bra, er kledde og og kan prestere både på og utanfor banen. Med sitt smilande vesen har ho dei tolv siste åra vore i støtteapparatet rundt eitt eller fleire lag i klubben. Kristine er godt likt av spelarane i gruppene ho er og har vore ein del av, men også av mange andre små og store i klubben. Dei siste åra har Kristine vore med i både arrangementskomiteen og utstyrskomiteen. Ho har i desse rollene gjort ein fram i frå jobb med å leggje til rette for gode arrangement og at medlemmane er kledde. Stord Handball sit stor pris på arbeidet Kristine gjer og har gjort av både planlagde spontane oppgåver, og me er glade for at «ja-menneske» Kristine no også vert med i ei endå større rolle i å arrangere Rema 1000 Handballfestivalen.
STEIN AASERUD – BRONSE
Stein er ein utruleg ressurs for handballgruppa med sitt vinnande og løysningsorienterte vesen. Det er alltid god stemning der Stein er, og det er ein god egenskap å ha med seg! Han har vore særs involvert i handballgruppa dei siste åra, kor han har vore marknadsansvarleg i styret sidan 2023. Han trer no ut av styret, men kjem framleis til å bidra inn i ulike komitear og utval vidare. Han har i samme periode vore ein viktig del av arrangementskomiteen i Rema 1000 Handballfestivalen, og han er i tillegg sjølvsagt trenar for begge sine born. Me takkar Stein for styrearbeidet i denne omgang, og er glade for å ha han med oss i andre roller framover.
Tusen takk til dåke alle – me er så takksame for alt dåke har gitt handballen på Stord 🤍🖤