På helgas regionsting i Bergen vart vår eiga Marianne Størkson vald inn som nytt styremedlem i Region Vest. Dette er det øvste organet i Norges Handballforbund Region Vest, og me er veldig glade for at me har fått en representant inn i styret i tingperioden dei neste tre åra.

Marianne vart klappa inn på Regionstinget
Marianne var diverre ikkje til stades i Bergen då ho hadde konfirmasjon i heimen, men fire representantar frå klubben var med og klappa Marianne inn foran ein fullsatt sal på tinget. Me er veldig glade for å få Marianne inn i styret, og ønsker ho lykke til med ein kjekk tingperiode med tre spanande år.
P.S. I tillegg til Marianne vart og tidlegare Stordspelar Andrea Sjo Holm vald inn som ungdomsrepresentant i same styre.