No blir det enklare å visa at du heiar på Stord Handball! Me har opna vår nye nettbutikk på stordhandball.no – med både heilt nye Stord-effektar, gamle favorittar og sesongkort for 2026/2027.
Me har lenge hatt eit ønskje om å gjera det enklare for medlemmar, foreldre, supportarar og andre Stord-vener å få tak i klubbprodukt. No er nettbutikken endeleg på plass! Her kan du enkelt bestilla Stord-effektar på nett og henta varene på handballkontoret på Vikahaugane eller i kiosken når denne er open.
Ny sesong – ny Stord-merch!
Til den nye sesongen har me fått på plass fleire heilt nye produkt.

Blant nyheitene finn du Stord-caps i både svart og kvit, med Stord-rosa i front. I tillegg har me fått inn buff og handlenett – sjølvsagt med Stord-profilering. I nettbutikken finn du også andre Stord-effektar, og planen er at utvalet skal veksa vidare etter kvart. Så enten du skal på kamp, på trening, på tur – eller berre vil visa litt ekstra Stord-stoltheit i kvardagen – håpar me du finn noko du likar!
Sesongkort 2026/2027
For deg som planlegg å følgja seniorlaga våre frå tribunen denne sesongen, kan du no også kjøpa sesongkort for 2026/2027 direkte i nettbutikken.

Med herrelaget i 2. divisjon og damelaget i 3. divisjon ventar det ein svært spennande sesong på Vikahaugane, og me håpar å sjå mykje folk på tribunen når alvoret startar! Sesongkortet kjøper du enkelt i nettbutikken og hentar på same måte som dei andre produkta. Sesongkortet kostar 999,- og gjeld for alle klubben sine heimekampar (ikkje NM-kampar).
Dette er berre starten
Den nye nettbutikken skal gjera det mykje enklare å handla Stord-effektar, men dette er berre starten. Me ønskjer etter kvart å utvida sortimentet med fleire produkt og håpar nettbutikken kan bli den naturlege plassen å gå når du treng litt meir 🤍🖤 i kvardagen.
Og sidan me først opnar ny nettbutikk – då må me sjølvsagt feira litt også! 🎉
🎁 Bli med i trekninga – vinn Stord-merch!
I samband med opninga av nettbutikken har me lyst til å dela ut litt Stord-merch!
Finn Facebook- eller Instagram-innlegget vårt om den nye nettbutikken og legg igjen ein kommentar med kva for Stord-merch du aller helst kunne tenkt deg.
Alle som kommenterer er med i trekninga av valfri Stord-merch frå nettbutikken. 🙌
Kanskje det blir ein ny caps, buff, handlenett – eller noko heilt anna?
👉 Sjekk ut nettbutikken, finn din favoritt og legg igjen ein kommentar på Facebook- eller Instagram-innlegget vårt!
Vinnaren blir trekt onsdag 19. august og vert kontakta direkte av Stord Handball.
Klar for litt meir Stord i kvardagen?
👉 Besøk nettbutikken på stordhandball.no/butikk/
VILJE – SAMHALD – RESPEKT 🤍🖤
Konkurransen er arrangert av Stord Handball og er ikkje sponsa, administrert av eller knytt til Facebook/Meta.