Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

SEC Norge blir ny gullpartner i Stord Handball

Stord Handball er svært glade for å kunna ønska SEC Norge AS velkommen på laget som ny gullpartner!

Den nye samarbeidsavtalen strekkjer seg over tre år, og SEC Norge vil frå komande sesong få ei av dei mest profilerte plasseringane på kampdrakta – øvst på ryggen.

For Stord Handball er avtalen eit viktig bidrag i arbeidet med å skapa gode og føreseielege rammer for vidare utvikling av klubben.

– Me er veldig glade for å få SEC Norge med på laget. Dette er ei betydeleg satsing frå deira side, og me set stor pris på at dei ser verdien av arbeidet som blir lagt ned i Stord Handball og ønskjer å vera med og bidra til utviklinga vidare, seier Bjarte Epland i Stord Handball.

Lokal forankring

SEC Norge er eit bemanningsselskap med base på Stord og leverer personell og kompetanse til industrien. Selskapet har aktivitet både på Stord og i Verdal og har gjennom verksemda si ei sterk tilknyting til industrimiljøet på Stord.

For klubben har det vore viktig å finna ein samarbeidspartnar som både ser verdien av den synlegheita Stord Handball kan tilby, og samtidig ønskjer å bidra til aktiviteten og fellesskapet klubben representerer.

– Gjennom dialogen har me blitt godt kjende med SEC Norge og opplever eit selskap som ønskjer å engasjera seg lokalt. Me har hatt veldig gode samtalar om klubben, aktiviteten vår og ambisjonane våre framover. Me har stor tru på at dette blir eit godt og langsiktig samarbeid, seier Epland.

Også hos SEC Norge blir den lokale dimensjonen trekt fram som ein viktig del av samarbeidet.

– For SEC Norge handlar det å støtta lokalsamfunnet der me har verksemd om ei grunnleggjande tru på at verdiar blir skapte saman. Reelle og varige verdiar oppstår når menneske bidreg i fellesskap, og Stord Handball skapar ein arena der spelarar, trenarar og støttespelarar saman skapar positive og varige opplevingar for svært mange barn og unge. Me er stolte over å få bidra som sponsor og ser fram til å sjå SEC-logoen på Stord-drakta, seier dagleg leiar Piotr Piłat i SEC Norge.

Viktige samarbeidspartnarar for vidare utvikling

Stord Handball går inn i ein spennande periode med stor aktivitet både på og utanfor banen. Herrelaget er tilbake i 2. divisjon, samtidig som klubben held fram arbeidet med å utvikla tilbodet til barn og unge og skapa endå meir aktivitet og fellesskap rundt Vikahaugane.

Med over 600 medlemmar og aktivitet i alle aldersklassar er solide samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv ein viktig føresetnad for å kunna halda fram utviklinga.

– Me har store ambisjonar for Stord Handball, men det viktigaste for oss er at me utviklar klubben på ein sunn og berekraftig måte. Då er me heilt avhengige av gode samarbeidspartnarar som ønskjer å vera med på reisa. At SEC Norge no går inn som gullpartner gir oss endå sterkare rammer for arbeidet vidare, seier Epland.

Som gullpartner vil SEC Norge få ei tydeleg rolle rundt klubben. I tillegg til den profilerte plasseringa øvst på ryggen av kampdrakta vil selskapet vera synleg rundt heimekampane på Vikahaugane og i klubben sine eigne kanalar.

No gler me oss til å ta fatt på samarbeidet og til å få SEC-logoen på plass på drakta.

Velkommen på laget, SEC Norge! 🤍🖤

Vilje – Samhald – Respekt

Kategorier
Gullpartnar Marknad