Helgen 5.-6. september spelte 16-årslaga våre kvalifisering til den nasjonale ice-serien. Det vart diverre stang ut for begge laga som må ut i ein ekstra kvalifiseringsrunde 3. og 4. oktober.
Gutane spelte sin kvalifisering i ROS-arena. Her spelte dei tre jamne kampar der to av dei enda med tap.

Resultat frå helga
Stord – Kristiansund 21-23
Lillestrøm – Stord 29-26
ROS – Stord 20-21
Dei skal no spela ekstra kvalifiseringsrunde i Åsane Arena 3.-4. oktober mot Kjelsås, Sotra og Åsane. Dei to beste laga er kvalifiserte til ice-serien.
Jentene spelte sine kampar i Sofiemyrhallen, vant ein kamp klart og tapte to.

Resultat frå helga
Randesund – Stord 33-19
Stord – Vadsø 34-16
Kolbotn – Stord 25-15
Jentene skal ut i ekstra kvalifisering på Os mot Bjarg, Gneist og Os. Dei to beste laga er kvalifiserte til ice-serien.
18-åringane spelte 1. runde i sin kvalifisering til Skarpnesserien i Husebyhallen. Her vart det ein klar siger og eit knepent tap for våre jenter.

Resultat frå helga
Heimdal – Stord 18-37
Stord – Aksla 22-23
Jentene skal spele sin 2. kvalifiseringsrunde 3. oktober i Stavanger mot Fjellhammer og Stavanger. Dei tre beste laga i pulja er kvalifiserte til Skarpnesserien.
Me ønsker alle laga våre lukk til i den siste kvalifiseringsrunden!