
Det er ikkje berre kampdraktene som skal bera Stord-logoen! No lanserer me våre heilt eigne Stord-sokkar, utvikla i samarbeid med Hummel.
Sokkane er spesiallaga for Stord Handball, med Stord-logoen godt synleg. Dei held same gode kvalitet og er laga i same materiale som dei ordinære Hummel-sokkane. Med andre ord – gode sokkar til både trening, kamp og kvardagsbruk!
I dag var me innom Falk Sport på Heiane Storsenter for å henta dei første sokkane, og me må seia oss svært godt nøgde med resultatet!

(Bjarte og Henriette klarte knapt å venta med å prøva dei nye sokkane!)
Ekstra god pris for medlemmane våre
Sokkane blir selde i 3-pakningar og er no tilgjengelege både hos Falk Sport og i vår eigen nettbutikk på stordhandball.no.
Og sjølvsagt skal medlemmane våre få ein ekstra god pris!
Vanleg pris: 249 kr
Medlemspris Stord Handball: 179 kr
Det betyr at medlemmane våre sparer 70 kroner per 3-pakning.
Sokkane kjem i fire ulike storleikar: 32–35, 36–40, 41–44 og 45–48. Her skal det med andre ord vera mogleg å finna Stord-sokkar til både små og store føter!
Eit godt samarbeid med Falk Sport
Falk Sport er ein viktig samarbeidspartnar for Stord Handball, og saman med Hummel har me no fått på plass endå eit produkt med vår eigen klubbprofil.
Me synest det er ekstra kjekt å kunna tilby produkt som både har god kvalitet, er praktiske i bruk og samtidig gir spelarane og supportarane våre moglegheit til å visa fram Stord-fargane.
Og kven veit – kanskje blir Stord-sokkane eit like vanleg syn på Vikahaugane som Stord-draktene etter kvart? 😊
Sokkane er tilgjengelege for sal allereie no!
Du finn dei hos Falk Sport på Heiane Storsenter eller i nettbutikken vår på stordhandball.no.
VILJE – SAMHALD – RESPEKT 🤍🖤