Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Zpirit blir med Stord Handball vidare!

Me er svært glade for å kunna fortelja at Zpirit har forlenga samarbeidsavtalen med Stord Handball i tre nye år, fram til 31. desember 2029!

Zpirit har over tid vore ein viktig samarbeidspartnar for klubben innan design, grafisk utforming og profilering. Gjennom eit tett og godt samarbeid har dei bidrege til å utvikla det visuelle uttrykket vårt og styrkja Stord Handball sin profil.

Zpirit-logo

– Me er veldig glade for at Zpirit ønskjer å vera med oss vidare. Me har eit tett og godt samarbeid, og dei kjenner både klubben og behova våre svært godt. Det betyr mykje å ha ein dyktig og kreativ samarbeidspartnar som me kan spela på lag med, seier Bjarte Epland i Stord Handball.

Ser fram til tre nye år saman

Stord Handball er inne i ein spennande periode med stor aktivitet og positiv utvikling, både på og utanfor banen. Då er det ekstra kjekt å ha med seg samarbeidspartnarar som kjenner klubben og ønskjer å vera ein del av utviklinga vidare.

– Me har mange spennande planar framover, og me gler oss til å utvikla både klubben og samarbeidet med Zpirit vidare i åra som kjem, seier Epland.

Tusen takk til Zpirit for tilliten – me gler oss til tre nye år på same lag! 🤍🖤

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Kategorier
Samarbeidspartnar Sølvpartnar