Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Sparebanken Norge støttar Stord Handball med 220.000 kroner!

Stord Handball har fått ei skikkeleg gladmelding frå Sparebanken Norge! Gjennom haustens tildeling av gåvemidlar har klubben fått innvilga heile 220.000 kroner fordelt på fire ulike prosjekt som skal skapa meir aktivitet, utvikling og fellesskap for barn og unge på Stord.

Sparebanken Norge har gjennom fleire år vore ein viktig støttespelar for Stord Handball, og nok ein gong viser banken at dei ønskjer å vera med og leggja til rette for gode oppvekstvilkår og eit aktivt lokalsamfunn.

Me er utruleg takksame for støtta og den tilliten Sparebanken Norge viser oss, gong på gong. At banken no bidreg til fire så ulike prosjekt, betyr mykje for det vidare arbeidet vårt med å utvikla klubben og skapa gode tilbod for barn og unge.

Fire prosjekt – eitt felles mål

Dei tildelte midlane går til fire satsingar som på kvar sin måte skal styrkja aktivitetstilbodet og fellesskapet rundt klubben.

Oversikt over dei fire prosjekta: Gutehandballens dag 40 000 kr, Trenarløftet 50 000 kr, Vikahaugane 100 000 kr og klubbtur til EHF-kamp 30 000 kr

Gutehandballens dag – 40.000 kroner

Med Gutehandballens dag ønskjer me å inspirera fleire gutar til å byrja med handball, og ikkje minst motivera dei som allereie spelar til å halda fram. Me ventar rundt 140–150 deltakarar til ein dag fylt med handballaktivitet, meistring og sosialt fellesskap.

Med oss får me mellom anna handballprofilane Bjarte Myrhol og Kristoffer Froestad, som skal bidra med treningsøkter, inspirasjon og fagleg påfyll for både spelarar og trenarar.

Trenarløftet – 50.000 kroner

Gode trenarar er noko av det viktigaste me har i klubben. Gjennom Trenarløftet ønskjer me å styrkja kompetansen til trenarane og lagleiarane våre, mellom anna gjennom trenarutdanning, kurs, faglege samlingar og erfaringsdeling.

Dei aller fleste trenarane våre legg ned ein stor frivillig innsats. Ved å investera i desse menneska, investerer me samtidig i eit tryggare, meir inkluderande og betre aktivitetstilbod for barn og unge.

Vikahaugane – sosial møteplass – 100.000 kroner

Dette er ei vidareføring av satsinga vår på å utvikla Vikahaugane til ein endå meir attraktiv og inkluderande møteplass.

Me ønskjer mellom anna å etablera fleire sosiale soner med sitjegrupper, skjermløysingar, aktivitetsutstyr m.m.

Målet er at Vikahaugane skal vera ein plass barn og unge har lyst til å vera – også før og etter trening. Tilbodet skal vera for alle som brukar området, ikkje berre handballspelarane våre.

Klubbtur til Champions League-kamp – 30.000 kroner

I februar 2027 ønskjer me å samla rundt 100 spelarar og trenarar til ein felles klubbtur til Stavanger for å sjå Champions League-kampen mellom Sola og danske Team Esbjerg.

Turen skal gi dei unge spelarane våre høve til å oppleva handball på internasjonalt toppnivå, men minst like viktig er det sosiale fellesskapet på tvers av lag og aldersgrupper.

Støtta frå Sparebanken Norge bidreg til at me kan halda eigenandelen låg, slik at flest mogleg får høve til å vera med.

Meir enn økonomisk støtte

For Stord Handball handlar desse prosjekta om langt meir enn aktivitetane i seg sjølve. Det handlar om å skapa møteplassar, byggja relasjonar, utvikla gode treningsmiljø og sørgja for at flest mogleg barn og unge får oppleva idrettsglede og meistring.

Me har store ambisjonar for klubben og ønskjer heile tida å utvikla oss vidare. Samtidig er me opptekne av at handball skal vera ein idrett for alle, og at økonomi i minst mogleg grad skal vera eit hinder for deltaking.

Då er me heilt avhengige av gode samarbeidspartnarar som ser verdien av arbeidet som blir lagt ned, og som ønskjer å vera med og bidra til utviklinga.

Representantar frå Stord Handball med sjekk frå Sparebanken Norge
Sparebanken Norge har støtta Stord Handball ved fleire høve. Biletet er frå ei tidlegare tildeling.

Sparebanken Norge har ved fleire høve støtta både aktivitetane våre og utviklinga av Vikahaugane. At banken held fram med å visa tillit til arbeidet vårt, set me enormt stor pris på.

Ein stor takk til Sparebanken Norge for at de nok ein gong er med og gjer gode idear til verkelegheit! 🤍🖤

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Kategorier
Gullpartnar Samarbeidspartnar