Stord Handball er glade for å kunna fortelja at me har forlenga samarbeidsavtalen med Circle K fram til 31. desember 2028!
Circle K og den lokale eigaren og drivaren Ingeborg har vore ein god samarbeidspartnar for klubben, og me set stor pris på at dei ønskjer å vera med oss vidare.

Med Circle K som ein av våre aller næraste naboar på Vikahaugane, er dette eit samarbeid som verkeleg kan kallast lokalt. Det blir rett og slett ikkje stort meir kortreist enn dette!
For Stord Handball betyr det mykje å ha med seg lokale aktørar som engasjerer seg i nærmiljøet og bidreg til å skapa aktivitet og gode opplevingar for barn og unge. Slike samarbeid er viktige for at me skal kunna halda fram med å utvikla klubben og aktivitetstilbodet vårt.
Me er veldig glade for det gode samarbeidet med Ingeborg og Circle K, og ser fram til å halda fram det gode naboskapet i åra som kjem.
Tusen takk til Ingeborg og Circle K for tilliten – me gler oss til fleire år på same lag! 🤍🖤
VILJE – SAMHALD – RESPEKT