Klubben har kjøpt inn to nye elektriske bilar (ein kvit 9-setar og ein svart 8-setar). Bilane krev ikkje anna førarkort enn klasse B (vanleg personbil).

PRIS PR. DØGN (alle prisar inkl. mva)
Internleige (eigne lag): 800 kr
Andre idrettslag: 1.000 kr
Bompengar og ferjekostnader vert fakturert i tillegg for andre idrettslag.
Desse bilane vert ikkje leigd ut til andre leigetakarar.

LADING
Me har fått installert to ladarar på Vikahaugane. Etter endt leige må bilane settast på lading her, dette er kostnadsfri lading for leietakar av bilane. Om ein må lada i løpet av leigeperioden, så er dette noko som leietakaren sjølv må kosta.
For å starte lading må ein nytta ladebrikke som heng på nøklane til bilane. Bilane skal alltid vera rydda/reingjort og settast til lading ved tilbakelevering.
BOOKING AV KVIT 9-SETAR
![]() |
OPEL ZAFIRA-e (kvit)
|
412_60c90c-96> |
BOOKING AV SVART 8-SETAR
412_d65213-b1> | 412_dbb9e3-70> |
![]() |
OPEL ZAFIRA-e (svart)
|
Merk at ein booking ikkje er gjeldande før ein får stadfesta leige frå oss pr. epost. Me svarar som oftast opp førespurnadar i løpet av ein virkedag. Ta kontakt med oss på minibuss@stordhandball.no dersom ein har spørsmål kring booking og leige.