Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Hallane våre

Nyehallen i Stord Idrettspark vart bygd i 1995, og er storstova til Stord Idrettslag. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Det er plass til 2.000 tilskodarar på tribunen og er hovudarenaen til klubben for kamp og trening.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF

Gamlehallen vart bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen i Stord Idrettspark. Det er ein fin handballbane med parkettgolv. Det er seks garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar. Hallen er klisterfri og vert nytta til kamp- og trening.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF

Rackethallen har ein tennisbane, bordtennis- og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Rackethallen inneheld også tre volleyballbanar. Hallen vert nytta til trening.

KART: https://goo.gl/maps/UYuyF

Nordbygdohallen – eller Prestegardsskogen Fleirbrukshall som den egentleg heiter – er ein klisterfri hall som hovudsakleg vert nytta til trening.

KART: https://goo.gl/maps/uK04e