Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

HAFO

Stord Handball arrangerer årlege HAFO cupar for barneskuleelevar og ungdomsskuleelevar. Cupane er eit flott tiltak for å byggje og styrkje venskap og eit godt klassemiljø! Stord Handball er stolte av å kunne bidra til at gutar og jenter i den aktuelle alderen kan få oppleve kjekke aktivitetar saman med venene sine, anten dei driv organisert idrett eller ei.

Det er utelukkande lov med klasselag. Skular som ikkje har klassar nyttar faste grupper. Me spelar kampar med éin omgang fotball og éin omgang handball.

Reglar barneskule:
– 1.-3. trinn spelar på minibanar med 4 spelarar på banen. Det må alltid vere 2 gutar og 2 jenter på banen til ei kvar tid.
– 4.-7. trinn spelar på full bane med 6 spelarar på banen. Det må alltid vere 3 gutar og 3 jenter på banen til ei kvar tid.   

Reglar ungdomsskule:
– 8.-10. trinn spelar på full handballbane med sju spelarar på banen. 
– Det må alltid vera minimum 3 jenter og 3 gutar på banen til ei kvar tid.  

HAFO cupane vert gjennomført om hausten. Dei er gratis å delta på ved god støtte av samarbeidspartnarane Proled og Engelsen Entreprenør.