Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Fair Play

I Stord Handball har me fokus på Fair Play, både på og utanfor banen. Me er inkluderande og har nulltoleranse for alle former for vald, mobbing, trakassering og hets. Dette betyr at uønska hendingar i klubbaktivitet skal takast opp med ein gong, med eit klart standpunkt og tydeleg avstand frå uakseptabel åtferd. Vidare skal klubben sin verdiansvarleg varslast umiddelbart for å følgja opp saka vidare overfor dei involverte partane.

Varsling skjer via skjema du finn under på denne sida.

#VILJE #SAMHALD #RESPEKT

Varsling om uønska hendingar