Sparebankstiftelsen SR-Bank gjev Stord Handball 70 000 kr. til trenarutdanning.

Stord Handball er i gong med trenarløftet. Målet er at barn og unge i klubben vert i endå større grad møtt av trygge vaksne som har kunnskap om barn/unge, handball og trenarrolla. At endå fleire kjenner at handballen er ein sosial arena der dei kjenner på meistring og utvikling. For å leggje til rette for treningsgrupper der deltakarane kjenner på tilhøyrsle, meistring og utvikling treng me mellom anna trygge trenarar. Å kjenne at ein har kunnskap gjer dei frivillige tryggare i trenarrolla. Stord Handball jobbar med å auke kompetansen til trenararne og lagleiarar i klubben. Dette er kostbart og for å få det til er me svært takksame for å få støtte av Sparebankstiftelsen SR-Bank.