Endeleg er det tid for å samle klassen/gruppa di igjen og bli med på HAFO (HAndball- og FOtball cup). Fredag 17.10.25 inviterer me gutar og jenter på ungdomsskuletrinna til ein aktiv og sosial kveld i Nye- og Gamlehallen på Vikahaugane.
Pris: 50 kr. per spelar. Lagleiar betalar samla for laget før fyrste kamp.
Påmelding: https://forms.office.com/e/TPs9JuBKgm
Påmeldingsfrist: Måndag 13.10.25
Kampoppsettet vert publisert 15.10.25
Premiering
– Beste Fair Play-lag
– Beste heiagjeng
– Beste lagsoutfit/drakter
– Vinnarar finalane
Årets reglar:
– Laga melder seg på i sin faste klasse. Laga som ikkje har klassar melder seg på i si faste gruppe
– Kampane er 2 x 10 min. med éin omgang med fotball og éin omgang med handball
– 7 spelarar på banen i begge omgangane
– Det må alltid vere minimum 3 jenter og 3 gutar på banen til ei kvar tid
