Torsdag 27. mars gjekk årsmøtet i Stord Idrettslag av stabelen, og tradisjonen tru vart det delt ut heider og ære til i form av heidersmerker til idrettslaget sine ildsjeler. For 2024 vart det kun delt ut to merker, og begge desse til kandidatar frå handballgruppa. Me er stolte og takksame for at me har hatt – og fortsatt har – både Gunnhild og Marianne som fantastiske ressursar i klubben. Under kan ein lese grunngjevinga for merketildelinga frå årsmøtet – me gratulerar med særs fortente utmerkingar til begge to!
Gunnhild Lothe – Heidersmerket i bronse
Gunnhild er og har vore ein fantastisk ressurs i handballgruppa i mange år. Fyrst som oppmann for barna i aldersbestemte klassar, og seinare inn i styre og verv i klubben. Gunnhild er ein ja-person som det er svært lett å jobbe saman med, noko som har gitt henne tunge verv i klubben. Ho er dugnadsansvarleg i Handballfestivalen, eit verv som er heilt avgjerande for turneringa sin suksess. Dette har Gunnhild løyst på ein framifrå måte i fleire festivalar. Ho sit også som økonomiansvarleg i styret, der ho er særs delaktig i arbeidet med å endre på rapporteringsrutinar og å betre økonomifokus og kontroll i den daglege drifta til klubben. Gunnhild er ein særs solid ressurs som vi er så heldige å ha i handballfamilien!
Marianne Størkson – Heidersmerket i bronse
Marianne har vore med i Stord Handball i ei årrekkje. I tillegg til fleire periodar som styremedlem har ho sete (og sit framleis) i Sportsleg Utval kor ho har ansvar for barnehåndballen. Marianne har òg ein solid eigen spelar-karriere å sjå tilbake på, kor ho har erfaring med topphandball i Fjellhammer og mange sesonger på Stord sitt damelag – inkludert dei to siste åra. Denne erfaringa er god å ha med seg når ho i det daglige har hovudansvaret for klubben sitt J13-lag. Marianne klarer på ein strålande måte å kombinere fagleg dyktigheit og ambisjonar med omsorg for alle rundt seg som er eneståande. Ho etterlever klubben sine kjerneverdiar på ein strålande måte, og vi er svært takksame for å ha Marianne som ressurs i Stord Handball!