Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

NY SØLVPARTNAR: Adecco

Stord Handball er stolte over å presentere Adecco som ny sølvpartnar! 

Tonje Hjertnes frå Adecco og Bjarte Epland frå Stord Handball


Adecco er eit av Norges leiande rekrutterings- og bemanningsselskap. Dei hjelper menneske til å finne ny jobb og på kundelista har dei attraktive verksemder som trenger kompetente kandidatar til spanande oppdrag. Dei er aktive i heile Norge og sjølvsagt også i den attraktive jobbmarknaden på Stord. Med verdiane lidenskap, samarbeid, inkludering og mot, passar verksemda godt til samfunnsansvaret Stord Handball tek med å vere ein trygg arena for barn og unge, samt å leggje til rette for at barn og unge kan nå draumane sine. 

Stord Handball er glad og takksam for å få Adecco med på laget! Me gler oss til å samarbeide med ei verksemd som som ønskjer å bidra i lokalsamfunnet dei er ein viktig aktør i. Adecco er med på å gjere ein forskjell og me ønskjer Tonje Hjertnes og resten av Adecco velkomen!

Kategorier
Ymse