Sportsleg utval er meint å ivareta dei sportslege interessene i klubben og leggje til rette for best mogeleg utvikling av utøvarar, trenarar og dommarar jf. klubben sine normar, målsetjingar og kjerneverdiar. Utvalet er leia av dagleg leiar Bjarte Epland, som rapporterar til styret på vegne av sportsleg utval.
Sportsleg utval
- skal handle etter gjeldande sportsplan og evt. andre styrande planar
- skal årleg og innan styremøte i juni revidere klubbens sportsplan og årshjul for den sportslege aktiviteten
- skal arrangere årlege trenarforum
- skal rekruttere spelarar og trenarar
- har ei rådgjevande rolle til styret om sportslege forhold i klubben
Medlemmane i utvalet er fordelt på fokusområda barnehandball, ungdomshandball, senior, trenarløftet, målvaktsarbeid, dommararbeid og rekruttering. Leiar for utvalet har ansvar for alle områda. Utvalet har ansvaret for at klubbens sportsplan vert fulgt og revidert årleg. I tillegg har utvalet det sportslege ansvaret for alt som skjer i Stord Handball.
Bjarte Epland
sportsleg leiar
📞 481 53 218
Send epost
Mikael Søgaard
senior og målvaktsarbeid
📞 415 20 052
Send epost
Jonatan Gniste
ungdom
📞 473 43 679
Send epost
Marianne Størkson
barn, rekruttering og trenar
📞 980 63 843
Send epost
Berit Siglen
barn og rekruttering
📞 975 18 942
Send epost