Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Opprykksfest og premiedryss

Etter nedrykket frå 2. divisjon i 2022 er herrelaget endeleg klare for spel i nasjonale seriar igjen etter å ha vore nære opprykk dei to forrige sesongane. Det var stor stas då me inviterte til opprykksfest 17. februar mot Gneist 2, kor om lag 400 tilskodarar tok turen i hallen for å sjå at gutane feide all tvil – og Gneist – av banen i ein kamp som til slutt enda med nimålssiger. Me gler oss til 2. divisjon neste sesong!

Damelaget har hatt ein sesong i det ein kan kalle trygge omgivelser – dei har ikkje vore i opprykkskamp, men heller ikkje i nedrykksfare. Sesongen enda med ein trygg og god 7. plass med ni sigrar, to uavgjorte kampar og elleve tap. 

Sesongen vart avslutta for begge laga med Region Vest sin tradisjonelle fellesrunde med bankett på kvelden. Her vert det mellom anna kåra All-Star lag og delt ut andre prisar – og i år forsynte me oss godt av premiebordet både på herre- og damesida.

Damelaget vann desse prisane:

Merete Auestad-Severinsen vart årets målvakt
Anna Fauskanger Lund vart årets linjespelar
Kajsa Tvedten vart årets midtback

Herrelaget vann desse prisane:

Sondre Heggøy Kjelsnes vart årets målvakt
Marius Rimmereide vart både årets linjespelar og årets forsvarsspelar
Ingemar Olsson, Tor-Christian Sæbø og Ellen Salomonsen vart årets trenarteam

I tillegg stakk klubben av med prisen for «Beste arrangør» både på dame- og herresida. Dette er ein stor fjør i hatten for oss som denne sesongen har hatt stort fokus på å skapa gode opplevingar i hallen – og ein anerkjenning av arrangørkomiteen vår som har lagt ned mange timar i hallen før, under og etter alle heimekampane.

Me gler oss til å sjå alle i hallen for å heia fram seniorlaga våre igjen neste sesong!

vilje – samhald – respekt

Kategorier
Damelaget Herrelaget Senior