Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Kostnadar

Under finn du ein oversikt over kva ein må betale/bidra med for å spele handball hos oss. Me har gode støtteordningar både via forbund, region, klubb og lag som me oppfordrar til at vert brukt av dei som har behov for støtte. Me har eit mål om at ingen skal slutta å spela handball på grunn av økonomi, så me ber dei som treng hjelp til dette om å ta kontakt med oss.


MEDLEMSKONTIGENT
Denne vert fakturert av Stord Idrettslag, og skal betalast ein gong i året. Ein skal betale kun ein kontigent, sjølv om ein driv med fleire idrettar i Stord Idrettslag (t.d. om ein spelar handball og driv med turn skal ein kun betale ein kontigent pr. år). Størrelsen på kontigenten vert fastsett av årsmøtet i Stord IL, les meir om dette her: https://stordil.no/medlemskap


TRENINGSAVGIFT
Dette er ei avgift som vert fakturert av Stord Handball, og skal betalast ein gong i året (på hausten). Denne avgifta gjeld for deltaking i sesongen (august – mai).


LISENS
Frå og med 1. januar det året ein fyllar 13 år, må alle spelarar betale lisens til NHF. Fram til denne datoen er spelarane dekka av klubben og forbundet sine forsikringsordningar. Lisensen kjem i tre ulike variantar, og det er spelarane sjølve som vel hvilken lisens ein ønsker (LISE, LISE+ eller LISE SUPER). Alle som skal spela kamp må ha gyldig lisens. Lisensen er personleg og vert utsendt frå NHF. Spelerane er sjølve ansvarleg for at lisensen er betalt, og eventuelle bøter for manglande lisens må dekkast av spelaren sjølv. Ein må sjølv ta kontakt med klubben dersom ein ikkje har fått lisens tilsendt. Sjå NHF sine sider om lisens HER


LOTTERI / SALSDUGNAD
Klubben gjennomførar lotteri eller ein salsdugnad til innekt for klubben ein eller to gongar pr. sesong, og alle spelarar må delta i denne klubbdugnaden/lotteriet.


REISER
Laga må sjølv dekke alle reiser til bortekampar (primært Bergens-området og Sunnhordland). Kvart lag avgjer sjølv korleis dette skal løysast.


DUGNAD HANDBALLFESTIVALEN
Kvar spelar har 10 timars dugnadsplikt under Handballfestivalen i pinsen kvart år. Dersom ein har fleire born i handballen, gjer ein kun dugnad for det yngste bornet.


UTSTYR
For å spela handball treng ein innesko, treningskler, ball og drikkeflaske. Spelardrakt (ikkje shorts) får ein av klubben gjennom heile karriera.