Stord Handball sin sportsplan er meint å danne grunnlag for utvikling og kontinuitet, byggje tryggleik og kunnskap, samt førebyggje konfliktar og vere eit praktisk verktøy for leiarar, trenarar, oppmenn, spelarar og foreldre i klubben.
Planen har blitt utarbeida av utvida sportsleg utval vår og haust 2017. Den er vidare handsama i styret våren 2018. Planen er eit kontinuerleg styringsverktøy for Stord Handball og inneheld mellom anna normer, mål, kjerneverdiar, grunnleggjande prinsipp og strategiar.
Sportsplanen vert årleg evaluert og revidert av sportsleg utval for deretter handsama i klubben sitt styre.