Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Sparebanken Norge gir fire nye banar til Rema 1000 Handballfestivalen

Banksjef Arve Havnerås frå Sparebanken Norge overrekte gåvesjekken til Stord Handball inne i ishallen.

Stord Handball skal frå 2026 bruke Stord Ishall til Rema 1000 Handballfestivalen og ønskjer å kunne nytta den innvendige flata i hallen best mogeleg. Klubben er svært takknemleg for at Sparebanken Norge på ny har vore gavmilde og gjort det mogleg for oss å kjøpe ekstra kunstgras til bruk i ishallen framover. Ved å kjøpe ekstra kunstgras utover 7’ar fotballbanen som vert realisert i hallen, vil me kunne lage fire festival-banar i hallen. Dette vil betre kvaliteten på turneringa og leggje til rette for god påmelding også dei komande åra.

Festivalen har i mange år vore det største fritidsarrangementet som vert gjennomført på Stord og er Vestlandets største handballturnering. Ein sentral faktor for at lag over år kjem til Stord, er at turneringa er utruleg kompakt med banar og fritidsaktivitetar på same plass. Ved dårleg ver kan det vere utfordrande å spele kampar på grasbanen. Dette fører til at me stundom må bruke kunstgrasbanar utanfor Vikahaugane, som igjen gjer at festivalen ikkje vert like kompakt. Dette påverkar festivalen negativt, både for deltakarane og publikum, men det gjev og mykje meirarbeid for oss som arrangør. Mellom anna treng ein då meir transport mellom anlegga, som igjen er negativt for miljøet og den berekraftige innsatsen som me no stadig meir legg til grunn. 

Me opplever større konkurranse med nye handballturneringar både nordover og sørover, og dette gjer at me heile vegen må utvikle oss. Det å kunne tilby fire nye banar innandørs i ishallen i turneringa i 2026 vil vere svært viktig for å betre produktet vårt og sikre eit endå betre sportsleg tilbod. Ishallen vil også kunna vert nytta til fritidsaktiviteter og gjere at opplevinga til dei som deltek vert endå betre. Det å kunne gjennomføre Rema 1000 Handballfestivalen på ein kvalitativ god måte er viktig for at me skal fortsette å vere ei attraktiv turnering.

Banksjef Arve Havnerås og resten av Sparebanken Norge har sett viktigheita av at Rema 1000 Handballfestivalen kan halde fram som Vestlandets største handballturnering. Gåvesjekken på fantastiske 900.000 kroner syner dette. Tusen takk til Sparebanken Norge som fortset å vera ein solid Gullpartner til Stord Handball og lokalsamfunnet for øvrig!

Kategorier
Gullpartnar Marknad