Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Kampshorts til alle spelarane!

Frå denne sesongen tek Stord Handball eit nytt steg for å redusera kostnadane for spelarane våre. I tillegg til spelardrakta vil alle aktive spelarar i klubben no også få kampshorts – utan ekstra kostnad.

Dette får me til saman med Profilera og 7Fjell Ventures, som begge har inngått treårige avtalar med Stord Handball knytt til det nye shortsprosjektet. Midlane frå avtalane er øyremerkte prosjektet og gjer det mogleg for klubben å dekka kampshorts til alle aktive spelarar – frå dei yngste laga og heilt opp til senior.

– For oss handlar dette først og fremst om å gjera det litt rimelegare å spela handball. Me ønskjer at handball skal vera ein idrett for alle, og då må me heile tida sjå etter tiltak som kan redusera kostnadane for den enkelte familie. At me no kan dela ut både kampskjorte og kampshorts til alle spelarane våre, er me skikkeleg stolte av, seier Bjarte Epland i Stord Handball.

Styrkar samarbeidet med Profilera
Profilera og Stord Handball kjenner kvarandre allereie godt. Selskapet er i dag ein viktig leverandør til klubben innan mellom anna skilt, trykk, merch og profileringsartiklar. Med den nye treårige avtalen tek partane samarbeidet eit steg vidare. Profilera får logoen sin på den eine sida av kampshortsen, samtidig som bidraget deira går direkte til å finansiera shorts til spelarane våre. For Stord Handball betyr avtalen at klubben knyter endå tettare band til ein lokal samarbeidspartnar ein allereie har eit godt og etablert forhold til.

– Me har samarbeidd godt med Profilera over tid, og det er veldig kjekt at me no kan utvikla dette vidare. Dei kjenner klubben, me kjenner dei, og me opplever at begge partar har eit ønske om å byggja vidare på samarbeidet. At avtalen samtidig bidreg direkte til eit konkret tiltak for alle spelarane våre, gjer dette ekstra kjekt, seier Epland.

For Terje Tvedten i Profilera er det også ei personleg tilknyting til klubben, etter sjølv å ha ei fortid som seniorspelar i Stord Handball.

– Me har hatt eit godt samarbeid med Stord Handball over lengre tid, så for oss kjennes dette som eit naturleg neste steg. Me ønskjer å knyta oss endå tettare til klubben og samtidig bidra til eit prosjekt som kjem alle dei aktive spelarane til gode. Eg har sjølv ei fortid både som spelar og trenar for eigne barn i Stord Handball, så det er ekstra kjekt å kunna vera med og bidra tilbake til ein klubb som betyr mykje for meg og som eg kjenner godt, seier Tvedten.

For oss handlar samarbeidet om meir enn synlighet. Det handlar om å støtte eit viktig lokalt felleskap og bidra til at barn og unge får gode opplevingar gjennom handballen. Me gler oss til vegen vidare saman!

7Fjell Ventures tek den andre sida
Med på prosjektet er også 7Fjell Ventures, som har inngått ein tilsvarande treårig avtale og vil profilera seg på den andre sida av kampshortsen. Med dei to avtalane på plass kan Stord Handball gjennomføra prosjektet slik det var tenkt – for alle aktive spelarar i klubben.

– Det blir lagt ned ein enorm frivillig innsats i Stord Handball, og klubben hadde ikkje vore der han er i dag utan alle dei som brukar fritida si på å skapa aktivitet og gode opplevingar for barn og unge. Det arbeidet fortener støtte. For oss er det samtidig ekstra kjekt å bidra til eit så konkret prosjekt, der ein raskt kan sjå resultatet av bidraget og at det kjem spelarane og familiane direkte til gode, seier Erik W. Olsen i 7Fjell Ventures.

Ein shorts spelarane får behalda
Det er også ein viktig forskjell mellom kampskjorta og den nye kampshortsen. Kampskjortene er klubben sin eigedom og blir samla inn når dei skal skiftast ut. Kampshortsen blir derimot spelaren sin eigen og kan brukast vidare også etter at den ikkje lenger er ein del av den aktive kampdrakta.

– Me veit at Stord-drakta betyr mykje for mange av spelarane våre, og særleg dei yngste er stolte av å representera klubben. Med shortsen får dei no ein del av kampdrakta som faktisk blir deira eigen, og som dei kan ha glede og nytte av også vidare, seier Epland.

For klubben gir det prosjektet ein ekstra dimensjon. Samtidig som Profilera og 7Fjell Ventures bidreg til å fjerna ein konkret kostnad for familiane, får kvar spelar eit godt plagg som dei får behalda.

Handball skal vera for alle
Shortsprosjektet er ein del av eit større arbeid i Stord Handball med å halda terskelen for å delta så låg som mogleg. Handball skal vera ein arena der barn og unge kan oppleva meistring, utvikla seg, få vener og byggja relasjonar – uavhengig av økonomien til familien. Klubben ønskjer difor å jobba vidare med tiltak som kan redusera kostnadane knytt til det å vera aktiv.

– Me kan ikkje fjerna alle kostnadane ved å driva med idrett, men me kan heile tida spørja oss sjølve kva me kan gjera litt betre. Kvar kostnad me klarer å ta vekk for familiane våre betyr noko. Denne gongen er det kampshortsen. Så får me halda fram med å leita etter det neste tiltaket, seier Epland.

At både Profilera og 7Fjell Ventures har valt å inngå treårige avtalar gir samtidig klubben føreseielegheit og viser kva ein kan få til når næringslivet og idretten finn samarbeid som skapar verdi for begge partar.

Tusen takk til Profilera og 7Fjell Ventures som gjer dette mogleg! 🤍🖤

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Kategorier
Ymse