Denne helga er det klart for første kvalifiseringsrunde til dei nasjonale seriane i 16- og 18-årsklassen.
Begge klassane har fått nye navn før denne sesongen; 16-åringane skal no spela i «iceserien» (tidlegare Bringserien) medan dei eldste skal spela i «Skarpnesserien» (som før hette «Landsserien, og Lerøyserien). Me har denne hausten tre Stord-lag som skal prøva å kvalifisere seg til desse seriane, og me gler oss til å følge gutane og jentene denne helga!
Kjempar mot 71 andre lag

J16 reiser til Oslo, nærmare bestemt til Sofiemyrhallen kor dei skal kjempe om poeng mot vertslaget Kolbotn, Randesund og Vadsø i pulje 2. Hovudtrenar Mikael Søgaard og mange av jentene fekk god erfaring frå spel i fjorårets Bringserie, og me håper dei dreg nytte av dette i helgas kvalifisering!
Du kan følge våre jenter her: https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=449422#allmatches
Gutane skal gje alt!

Ein del av gutane som diverre ikkje klarte å kvalifisere seg i fjorårets serie er på jakt etter å revansjera seg og kjem til å gje alt for ein plass i iceserien i år!
Følg gutane her: https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=449418#allmatches
NB! For 16-åringane er dei to beste laga direkte kvalifiserte til iceserien, medan nr. 3 og nr. 4 må ut i ein ekstra kvalifiseringsrunde 3.-4. oktober.
Vil revansjera seg i Husebyhallen

Dei eldste jentene skal til Trondheim i si første kvalifiseringshelg. Dei er på jakt etter revansje frå sist dei spelte i Husebyhallen, då vart det tap i semifinalen i Trondheim Cup mot Utleira. I følge trenarteamet er jentene heltente på å reise kjerringa og kjempe til siste slutt om dei fire poenga i bartebyen i helga!
Følg jentene her: https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=449482#allmatches
NB! J18 skal spela ein litt anna kvalifiseringsform. Dei er komen i pulje med Heimdal, Aksla, Fjellhammer og Stavanger. Her skal våre jenter spela fire kampar fordelt på to helger, og dei tre beste laga i pulja er kvalifiserte til Skarpnesserien.
Sjå kampane på My Game
I tillegg til å følge laga LIVE på resultatservice på handball.no kan ein og sjå kampane på streaming-plattforma MyGame (krev abonnement):
J16: https://play.tv2.no/sport/stord-dffgxhb8
G16: https://play.tv2.no/sport/stord-5dg4wmts
J18: https://play.tv2.no/sport/stord-3hh13z98
Dersom du er meir forveten på desse nasjonale seriane, kan du lese meir på Norges Håndballforbund sine eigne nettsider:
https://www.handball.no/nyheter/2026/09/klart-for-forste-utgave-av-iceserien-og-skarpnesserien/
Me ønsker alle våre tre lag masse lykke til i helga 🤍🖤
#viljesamhaldrespekt