Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Klare for spel i den nasjonale serien

Det vart fullklaff for 16-åringane i deira ekstrakvalifisering i Bergen i helga. Begge laga gjekk ubeseira gjennom sine tre kampar, og er med det kvalifiserte til å spela i ice-serien. Me gratulerar alle spelarar, trenarar og støtteapparatet med strålande innsats! 

Samstundes vil me retta ein stor takk til ein fantastisk heiagjeng både i Os Idrettshall og Åsane Arena. De satte verkeleg preg på kampane med flagg, bjeller, trommar og ein herleg entusiasme🤍🖤

Resultat frå gutane si ekstrakvalifisering i Åsane Arena
Stord – Kjelsås 26-22
Sotra/Askøy – Stord 25-29
Åsane – Stord 20-27

Resultat frå jentene si ekstrakvalifiseringg i Os Idrettshall
Bjarg – Stord 16-18
Stord – Os 23-23
Stord – Gneist 24-10

18-åringane fekk det diverre for tøft i si andre kvalifiseringsrunde i Stavanger, og etter to klare tap mot Stavanger og Fjellhammer enda Skarpnes-eventyret i Stavanger Idrettshall for juniorane.

No gler me oss til to kjekke ice-rundar på Vikahaugane, og å følge gutane og jentene resten av sesongen i dei nasjonale seriane!

#viljesamhaldrespekt🤍🖤

Kategorier
Nasjonale seriar