Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Sunn matglede på Vikahaugane

Stord Handball har den siste tida jobba med å etablera eit sunt, enkelt og tilgjengeleg mattilbod på Vikahaugane. No er kjøleskapet på plass – fylt med ferske rettar frå Urt & Ugras – og dei første tilbakemeldingane tyder på at tilbodet har blitt tatt svært godt imot.

Andreas Bakke frå Stord Handball og Julie Log frå Urt & Ugras framfor det nye sjølvbetente kjøleskapet i Nyehallen.

Bakgrunnen for initiativet var eit behov som mange kjenner seg igjen i; ungdommane kjem rett frå skulen og skal vidare opp til trening, ofte med lange dagar og lite tid til eit skikkeleg måltid mellom skule og aktivitet. Samtidig veit me at kvardagen kan vera travel for både barn, ungdom og foreldre.

– Me ønskte å skapa eit fullgodt alternativ dei dagane tidskabalen ikkje går heilt opp heime, fortel Andreas, som er fersk markedsansvarleg i Stord Handball.

For å få dette til tok klubben kontakt med Urt & Ugras og utfordra dei på om det var mogleg å setja saman sunne og gode rettar til rundt 50-lappen. Julie hos Urt & Ugras tok utfordringa på strak arm.

Smakstesta av ungdommane sjølve

Før tilbodet vart lansert fekk eit utval ungdommar prøvesmaka rettane. Basert på tilbakemeldingane vart det gjort nokre justeringar før kjøleskapet offisielt opna 27. april.

På menyen finn ein mellom anna focaccia, wraps, kjøleskapsgraut, yoghurt og pastasalat – alt laga med fokus på kvalitet, smak og enkel tilgang. Løysinga er 100 % tillitsbasert. Ein forsyner seg sjølv frå kjøleskapet og vippsar beløpet direkte.

Det er også viktig for klubben å understreka at tilbodet ikkje berre er meint for handballgruppa.

– Sjølv om ideen vaks fram frå vårt eige behov, er dette eit tilbod for alle som brukar Vikahaugane og området rundt. Målet er å skapa ein trygg og inkluderande møteplass for alle, fortel Andreas engasjert.

J15-spelarane Mie, Hannah, Mathea og Isabella gav tydelege tilbakemeldingar etter trening.

Etter ei trening tok me ein prat med J15-spelarane Mie, Hannah, Mathea og Isabella for å høyra kva dei synest om det nye tilbodet, og dommen var ganske klar:

– Focacciaen er “sjukt god”!

I tillegg fekk og wraps’en, kjøleskapsgrauten og salaten ros frå jentene.

Ein del av noko større

Det nye mattilbodet er eitt av fleire tiltak Stord Handball ønskjer å gjennomføra i åra framover for å utvikla Vikahaugane vidare som sosial møteplass. Klubben ønsker å jobba vidare med ulike prosjekt som skal gjera området endå meir attraktivt for barn, ungdom og familiar – både før og etter trening og anna aktivitet. Målet er ikkje berre aktivitet i hallane, men også å leggja til rette for fellesskap, trivsel og gode møte mellom menneske.

– Me har stor tru på at dette kan bli eit veldig bra tilbod over tid. Samtidig veit me at det vil krevja litt justeringar undervegs. Det viktigaste er at folk brukar tilbodet og opplever verdi i det, avsluttar marknadsansvarleg Andreas Bakke.

🤍🖤 Vilje – Samhald – Respekt 🤍🖤

Kategorier
Marknad Ymse