Me er svært glade for å kunngjera at me har fått med oss Sunnhordland Klinikken på laget! Klinikken tilbyr behandling frå kiropraktor, fysioterapeut, naprapat og psykomotorisk fysioterapeut. Med denne samarbeidsavtalen får spelarane tilgang til solid fagkompetanse innan behandling, opptrening og skadeførebygging.

Marknadsansvarleg Andreas Bakke er svært nøgd med den nye avtalen, og gler seg til å ta fatt på eit godt samarbeid med kiropraktor Lisa van der Hagen og resten av den flinke gjengen på Sunnhordland Klinikken.
Me håpar sjølvsagt at me ikkje treng tenestane til Lisa & co så mykje til spelarane våre, men me er veldig glade for at me har ein svært kompetent medspelar med stor fagleg breidde på klinikken når me treng den.
Les meir om den nye samarbeidspartnaren vår her: Sunnhordland Klinikken
#viljesamhaldrespekt