Stord Handball

VILJE – SAMHALD – RESPEKT

Ventor er med vidare

Stord Handball og Ventor held fram det gode samarbeidet. Partane har signert ein ny avtale som gjer at Ventor blir med vidare som ein av klubben sine sentrale samarbeidspartnarar ut 2028.

Ventor kom inn som Gullpartnar i Stord Handball i 2025, og me er svært glade for at samarbeidet no blir vidareført gjennom ein ny langsiktig avtale.

For Stord Handball er solide og langsiktige samarbeidspartnarar heilt avgjerande for at me skal kunna utvikla klubben vidare. Avtalen med Ventor er med på å skapa trygge og føreseielege økonomiske rammer, både for den daglege drifta og for arbeidet vårt med å skapa eit godt aktivitetstilbod for barn, ungdom og seniorar.

– Me er veldig glade for at Ventor ønskjer å vera med vidare. For ein klubb som Stord Handball betyr langsiktigheit mykje. Det gir oss tryggleik og moglegheit til å planleggja framover, samtidig som det er ei sterk stadfesting på at Ventor ser verdi i samarbeidet me har bygd opp, seier dagleg leiar Bjarte Epland i Stord Handball.

Ventor har vore ein viktig leverandør til industrien på Stord gjennom ei årrekkje, og har samtidig vist eit tydeleg ønskje om å bidra til lokalsamfunnet dei er ein del av. Det er eit engasjement me set stor pris på.

For oss handlar eit godt partnarskap om meir enn ein logo på drakta. Me ønskjer samarbeidspartnarar som kjenner seg igjen i det klubben står for, og som ser verdien av arbeidet som blir lagt ned for å skapa aktivitet, fellesskap og gode oppvekstmiljø på Stord.

Her opplever me at Ventor og Stord Handball har funne kvarandre godt.

– Ventor har frå starten vore positive, engasjerte og enkle å samarbeida med. Dei deler ønsket vårt om å bidra lokalt, og me er stolte over at dei ønskjer å satsa vidare saman med oss. At avtalen no blir forlenga ut 2028 gir oss eit veldig godt fundament for å utvikla samarbeidet ytterlegare i åra som kjem, seier Epland.

Me takkar Piotr Urbanik og resten av gjengen i Ventor for tilliten – og gler oss til fortsetjinga!

Kategorier
Gullpartnar Marknad Samarbeidspartnar